Me ynskjer dykk velkomne til den åttande utgåva av Junior NM i frikøyring, eit samarbeid mellom Future Freeriders Røldal, Toyboys Productions og Røldal Freeride. Arrangementet i 2018 er ope for dei som er født etter 1/1-2000, og før 31/12-2010.


ÅRSKLASSAR
2000-2001
2002-2003
2004-2005
2006-2007
2008-2010

Påmeldinga for dei yngste klassane opnar måndag 26. februar på deltager.no. Dei eldste klassane (00-01 og 02-03) melder seg på via FWQ-junior sitt system på https://fwt.memberpro.net/ som opnar 5.mars.


PROGRAM

Fredag 20.04:
REGISTRERING
Presentasjon med face, snøforhold, avgrensingar, dommarkriterier etc. Kvar heile time på Røldalsgarasjen.

Laurdag 21.04: Konkurransedag / vêrdag 1
– Registrering for seintkomande deltakarar.
– Løparmøte på arena.
– Konkurranse i nærleiken av Røldal skisenter.
– Premieutdeling

Søndag 22.04: Vêrdag 2
Frivillig workshop. Skileik, trygg ferdsel i fjellet, linjevalg med meir.


 

Spørsmål? Ta kontakt på eirik.sondre@roldalfreeride.no

Categories: RFC Junior

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *